Dette er ei underhaldande og særmerkt teljebok. Saman med den sjarmerande haren og kusina, Karen blir tal frå null til tolv introdusert. Og på vegen dukkar det fleire lystige aktørar opp, som til dømes Bukkene Bruse, sjømannen og tante Tøys og Tull. Framstillinga er original både i innhald og uttrykk. Teksten er leikande og fabulerande og Gry Moursunds illustrasjonar utgjer ein viktig del av formidlinga. Oppslaga er spenstige og fargerike, med særmerkte detaljar som innbyr til ulike oppdagingar. Samlaget, 2002.
Forlaget skriver om denne boka: Ei frodig og fargesprakande biletbok om tal for dei nyfikne og teljeglade frå 3-4 til 6-7 år.
Eva Jensen har skrive fine dikt og små forteljingar der tala frå 1 til 12 er sentrale, og illustratøren Gry Moursund har sett teksten i scene med teikningar som glitrar av leikelyst og fantasi, og tek vare på både humoren og poesien. Fargane er vakre og særmerkte. Ei bok til læring, undring og glede både i sofakroken og i klasserommet, og ein leikande introduksjon til den spennande talverda.